Sider

onsdag 13. januar 2016

1 duk = 2 gardiner

Det er 250 cm frå golv til tak med oss.
Og eg synest det er finast om gardina 
heng heilt ned til golvet. I 
vertfall der ein ser.
Å finne gardiner som eg likar
er i seg sjølv vanskeleg, endå
vanskelegare når dei skal vere 250 cm 
lange!
Forge veke var eg innom Kid, 
der var det sal slik som det er i 
alle butikkar no i januar. Fann meg ein 
duk som eg likte, den var 250 cm lang 
og 140 cm brei. Fann ut at om eg delar
den i to blir det passelege gardiner i 
stova.  Kunne tenkt meg å hatt same
på kjøkkenet og ein duk for å få
ein heilheit, men dei hadde berre ein duk
igjen. Har våre innom to andre Kid 
butikkar for å sjå om dei har igjen av
den duken, men utan hell.
 Vart no ikkje så verst med nye gardiner.
At dei knall raude jule gardinene var
bytta ut var det ingen som oppdaga når
dei kom heim.

I går fikk eg melding med Hanne om eg ville vere med
på cafe. Og det ville eg gjerne.!Så vi gjekk på 
Espresso house på Bystasjonen og åt muffins
 og drakk kakao. Var innom jobben og sa hei :)
Så var halve dagen gått og det var på tide å reise
heim og lage middag..

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar