Sider

tirsdag 9. desember 2014

Spontan abort

Spontan abort er faktisk veldig vanleg.
Mellom 10 og 20 % av alle svangerskap endar
i ein spontan abort. Truleg ender halvparten av
 befrukta egg i ein spontan abort, men dei er ikkje 
erkjente svangerskap. (Kvinna veit ikkje om at ho
er gravid.)

Det er forskjellige grunnar til ein spontan abort:
*Genetisk feil og misdanningar hos fosteret.
(50-70% av tilfella.)
*Utviklingfeil i morkaka.
*I nokre tilfelle kan infeksjon vere forklaringa.
*Feil ved livmor(misdanningar, muskelknutar, svikt i 
livmorhals.)
*Det vanligaste er at ein ikkje finn svar på kvifor
det gjekk gale.

Ingen kan hindre ein spontan abort. Det er ingenting kvinna
har gjort som forårsakar ein spontan abort. Dei fleste
abortane skyldast at det er noko gale med fosteret
og/eller at det ikkje festar seg skikkeleg i livmorveggen.
   Tidleg abort skyldast som oftast kromosomfeil.

Spontan abort delast inn i ulike fasar:
*Truande abort:
Blødingar med eller uten moderate underlivs smerter
før uke 22, blir kalla truande abort.
Kvinna vil då bli bedt om å vere i ro så lenge ho
blør, får ei sjukmelding og samleieforbud.

*Uunngåeleg abort 
Når det kjem rikelig med friskt blod frå skjeden (ofte) samtidig
 med krampeliknande smerter nederst i magen er det ein
uunngåeleg abort. Restar av svangerskapet kan komme som 
klumpar og hinnerester i blodet.

*Komplett abort
Ved ein komplett abort støytast alle restar av svangerskapet
ut slik at livmora blir tom. Etter ein komplett abort vil blødingane og
smerta raskt reduserast. Kvinna vil etter kvart myste kjensla 
av å vere gravid.

Ulike typar ufrivillige abortar:
-Spontan abort (SA)
-Missed abortion (MA)
-Blighted ovum (Bo)
-Ektopisk svangerslap
-Blæremola

Det finnast ulike måtar å oppleve spontan abortar på:
*Blødingar, små eller store. Hugs at mange kvinner med
normale svangerskap og kan ha små blødingar i fyste 
trimester.
* Smerter i nedre dela av magen. Kan vere på ei side,
begge sidene eller midten. Som menstruasjonssmerter 
eller verre. 
*Korsrygg smerter, ofte forklart som vedvarande,
dump smerte.
*Utflog og vev som kjem frå skjeden. Det betyr at du 
mest sannsynleg abortera, kontakt legen din.

Ein sjeldan gang kan symptoma mangle heilt,
så ein ikkje finn det ut får ved neste
undersøkjelese.

Detter er litt av informasjonen ein finn på 
nettet når ein søker om spontan abort. 
Det som er er at når du blir gravid søker du 
ikkje om spontan abort og kor stor sjansen er for at du 
kan myste den vetle spiren i magen din.

Nei du søker på gravid, kvalme, svangerskaps kalkulator,
mat for gravide, trening for gravide, det meste anna enn
spontan abort. 

Så står du der på jobb då og lure på kva i alle dagar 
du skal gjere når du føler at det var ein 
ballong som sprakk i trusa di!!
For det var nemlig det eg gjore. 

Eg hadde ikkje snakka om spontan abort med nokon. 
Verken legen min eller jordmora som eg gikk til
når eg ar gravid med Sofie. 
Kan ikkje hugse å ha sett nokre artiklar om det når 
eg har lest om andre gravid greier.
Det einaste eg kom på i ettertid å ha lest/ fått vite
er at det er kroppen som kvitter seg med noko
som ikkje er som et skal.

Eg var altså gravid i veke 8. Hadde nett våre på fyste 
kontroll hos fastlegen, fått helsekort for gravide og
bok 'gravid igjen'. 
Hadde hatt litt 'gammalt' blod i utfloda, men det var ingen
ting å bekymre seg for.

Skulle på seinvakt denne dagen. Hadde litt smerter
i magen som kom og gikk. Litt som menstruasjonssmerter.
Fikk og meir utflod. Gikk på jobb, smertene vart kraftigare,
dei kom og gjekk akkurat som rier,

Så kom det. Den ballongen eg snakka om. Kjente
kor det rant. Sidan eg hadde hatt den utfloda
hadde eg på bind. Takk og pris for det!

Gjekk på do, ja det var blod. Så skifta bind og gjekk ut i 
butikken igjen. Så kjente eg at det kom meir.
Viste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Sa eg måtte ta ein 
telefon. Ringte KK (Kvinne klinikken), dei må jo 
vite kva eg bør gjere.

Fortalde kva som hadde skjedd. No hugsar ikkje eg i detalj
kva som blei sakt, men ho fann no ut at 
eg hørte til Loddefjord  legevakt. Så om
eg synest det var kritisk måtte eg gå dit og få meg ei 
henvisning.  Det må du ha for å komme inn på KK.

Ja, det var jo ikkje berre litt blod som kom.
Eg hadde ikkje fortalt om graviditeten på jobb endå.
Edel spurte om det var ein hyggeleg eller mindre hyggeleg 
samtale. "Mindre hyggeleg eg er gravid og har begynt å blø.."
Du går bort på legevakta med ein gang. Sa ho.
Så eg tok med meg lommebok og telefon!!

Er ikkje så langt bort på legevakta frå jobb.
 Var lang kø når eg kom bort. Smerta kom og gjekk.

Fortalde kva som føre gjekk til ho i skranken. 
Ho ville vite kor mykje eg blødde, om det ville fylle
opp eit stort bind i løpet av ein time.
"Ehh ja.. nei.."
"Er det meir enn ein vanleg mens?"
"Ja det er det. Det kjem plutseleg masse. Begynte for
ca 30 min sida.."

Ho lurte på om eg ikkje hadde vurdert legevakta i Loddefjord
for der var det berre ein som sat og venta.
Her er det litt venting.
Då spurte eg om ho meite at det var betre å ta bussen dit.
Teke du bussen? spurde ho overraskande.
Det ville ho ikkje at eg skulle gjere. 
Det var berre å sette seg å vente.

Sat og såg på klokka om eg skulle ringe Ørjan.
Tenkte han kanskje kunne hente meg, men 
han måtte ha henta Sofie fyst. 
Fan ut at det beste var å sitte det å vente.

Kom endå fleire folk inn. Ein fyllik som gjekk rundt og maste.
Fleire blei ropte inn.
Kjende at eg burde våre på då. Men dumme meg som ikkje
tok med veska. Kjente at det var på tide å røyse seg opp.
Det rant over. Fikk meg eit bind så eg fikk gått
på do.

Denne dagen hadde eg hatt på meg skjørt, tights og
lange strømper. Gjett om eg var glad for det!!
Tightsen var full i blod. Det føltest ut som om
det var blod overalt!!

Sette meg ned på doen. Då kom den 'ballongen' igjen
og eksploderte ned i doskåla.
Då skjønte eg at det ikkje var noko baby i magen lenger.
Brast ut i gråt, var heilt skjelven. 
Tørka opp og prøvde å halde tårene tilbake.

Gjekk ut på venterommet igjen, sette meg ikkje ned. Håpte
det snart var min tur til å komme inn.
Sjølvfølgjeleig kom fylliken bort til meg for å mase.
Går det bra,, bla bla bla.. Det er slitsamt med ungar,
du har vel ikkje unge? åja, det er nok med ein...
Hallo!! kvifor måtte du snakke akkurat om det!!???
MIN TUR! Yes

Sjukepleiaren spurde kor det kjekk. Fikk no hulka fram noko.
Fikk sett meg ned. Så spurde ho om eg hadde våre stressa.
Då begynte eg å hyl grine, klarde ikkje seie noko.
Fekk til slutt svart ho mellom hulka. Klare ikkje stoppe
sa eg til slutt.
"Så, det er godt å få det ut. Alle desse hormonane."
 Ho målte blodtrykket, stilte nokre spørsmål og ville ha ei urinprøve.
Fikk meg eit nytt bind.

Gjekk på do for å ta den urinprøva. Var ikkje så lenge sida eg hadde
våre på do. Så trur det blei meir blod enn tiss.

Måtte vente litt på legen. Kjente det at eg hadde roa meg ned.
Så når han kom og eg fikk fortalt alt som hadde skjedd kjende eg
meg veldig letta.
Han ville undersøke meg, så ringde han på KK for å forhøyre
seg om kvar som var best.
Kledde av meg for å bli undersøkt, det rant så det var om å
gjere å kome seg opp i stolen. Når eg sette meg kom det endå
meir blod. Han ville ikkje undersøke når det blødde så mykje.

Når dei såg kor mykje det blødde fikk eg meg ei skikkeleg truse
i staden for dei binda. Legen hadde snakka med KK.
Det hørtest ut som dei helst ikkje ville ha meg der oppe.
Legen spurde kva eg følte for. Eg følte for å reise
 på KK for å få svar på ting eg ikkje vite eg lurte på..
For du klare ikkje heilt å tenke i ein slik situasjon.

Dei bestilte taxi til meg, hørte at det kun var luft ambulansen
som var ledig. Dei målte blodtrykke mitt endå ein gang.
Legen skreiv ut ei sjukmelding til meg mens eg venta på
taxien.

Fikk taxien til å køyre bort til Bystasjonen så eg kunne
springe inn å hente vaska og nista mi. Var begynt å
bli svolten. Då eg kom inn i taxien igjen
begynte sjåføren å spørje om vi hadde
frø.

Kom opp på KK, hadde fått med meg ein konvolutt
med legen på legevakta. Den skulle eg gi i resepsjonen.
Dei forklarte kor eg skulle gå.

Kom meg opp i 3 etg og fann ei dame der. Ho fikk brevet
frå legen. Spurde om eg var svimmel.
Det var eg ikkje, men svolten.
Fikk ikkje ete før ho gav beskjed om det. Ho viste meg til
nokre stolar, måtte vente litt.
Då ho kom tilbake målte ho blodtrykke mitt og snakka om
kva spontan abort er, kva som skjer, kvifor det skjer.
At det ikkje går and å stoppe det.
Ho viste meg til ei daglegstove med bøker, blad og tv.
Sa at det var nok eit par timar med venting.
Fikk fortsatt ikkje ete, men kunne drikke litt vatn.

Det lukta så godt vaffel i gangen der. Og etter ei stund
kom det nokon å delte ut.
Eg sa sjølvsakt nei takk sidan eg ikkje kunne ete.
Skulle jo tatt i mot og spart på den!
Venta ca 1 time, då fikk eg tid til å komme på
litt spørsmål og andre ting eg lurte på.

Kom inn og fortalde kva som hadde skjedd. Og at dei
hadde spurt meg om eg hadde våre stressa.
Det synest dei var ei upassande spørsmål fordi
det hadde ingen ting å seie for ein spontan abort.

Ho fortalde meg kva eg skulle forvente og ikkje forvente
framover. Så undersøkte ho meg og fortalde undervegs kva
ho såg og gjorde. Alt såg heilt fint ut og eg trengde ikkje noko
utskraping.
Fikk svar på mine spørsmål + meir.
Fikk og med meg eit skriv med all den informasjonen ho
hadde gitt meg.

Ja slik opplevde eg spontan abort.
Kva med deg?


Denne gangen hadde eg våre tidleg ute og tatt bilete av
magen. Skulle vere flinkare til det i dette svangerskapet.
 Slu egoistisk djevel
Sidan eg ikkje var gravid lenger kunne eg nyte alkohol i
ein samankomst vi var i. Gledde meg litt til å sjå
ansikts utrykka på nokre 'nysgjerrigperar' og
'sladrehankar'.. Det er egoisten og den slu djevelen i meg
som kjem fram av og til.
MEN den gleda fikk eg ikkje, fordi Ørjan hadde fortalt
om aborten...!!!







1 kommentar :

  1. Har fått litt negative tilbakemeldingar på dette innlegget.
    Det var ikkje i mine tankar at eg skulle fornærme nokon,
    få uvenar og dårleg stemning av det.
    Ville berre formidle om kor vanleg ein spontan abort er,
    og la til historia om korleis eg opplevde det.
    Så håpar ingen tok seg nær av det eg tenkte og følte
    dei dagane.

    Har lagt det bak meg og gått vidare.

    SvarSlett