Sider

mandag 11. januar 2016

Helgas aktiviteter

På laurdag var eg og Sofie heime
aleine. Ørjan var å hoppa i fallskjerm.
 I barnehagen lagde dei isblokker med
maling i. Så tenkte at det kan no eg 
og Sofie og gjere. Leitte fram litt 
diverse vi kunne putte vatn i. 
Og perler og farge.
 Men alle dei minusgradene forsvann
så det fikk ikkje tid til å fryse.. :( 
Det får stå på altanen i påvente
av at det kjem ei ny kuldebølgje. 
Sofie har ikkje spurt etter dei heller.

 I går tok vi turen ut på Askøy.
Grilla pølser på bål og drakk kakao.
Det kom snø. Så det blei englar på isen.
Ørjan lagde ein liten Olaf og.
 Sofie sitt hår vekse ikkje super raskt.
Men no har det begynt å bli litt lengde
i det. Så i dag prøvde eg meg på ei flette.
Elsa flette ;) Var ikkje så mykje igjen av
den når vi tok av hua i barnehagen.. 
Fredag var eg på meir shopping...Så No må den babyen
komme så eg har ein grunn til å gå heime.. :P

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar