Då har eg fått sydd kjeledress til Sofie
og. Har hatt det i tankane sidan eg
sydde to til søskenbarnet mitt.
Ho ville gjerne ha i rosa, men
sidan eg hadde sydd ein rosa og ein
blå frå før måtte det bli med begge
fargane.
Skulle vere lommar på denne dressen.
Og var ikkje sikker på om eg forsto
forklaringa. Så eg fann ut at det var best
å lage seg nokre lappar og prøve seg fram.
Det var greit at eg gjore for tenkte litt
feil.. Var noko eg alikavell ikkje fikk
heilt til så styrte på i mange timar...
Når eg endeleg vart ferdig med dei lommene
kunne eg fortsette med resten. Og då gjekk det ganske
kjapt.
I mønsteret skal glidelåsen gå heilt opp i hetta. Var litt
usikker på om eg skulle ha ein som slutta i halsen.
Men valte å følgje mønsteret.
I dag fikk eg prøve den på. Synest den har sett så
stor ut, men den måtte nesten vere så stor.
Fikk ikkje igjen glidelåsen heilt opp. For stor
nase på Sofie :D hehe
Dokka måtte vere med på bilde for ho fikk seg
bokse i same stoff.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar