Sider

mandag 27. april 2015

Sånn e de berre

Hekje hatt pc'n på så mykje i det siste.
Så det har blitt lite blogging. 
Veka etter påske gikk fort, jobb, sy skjørt til Sofie
pakke koffert og eit besøk av Tone Margaret.
Reiste til Gran Canaria og var der ei veke.
Og forge veke berre suste forbi....

Lagde bord dekorasjonar til sjefen :P
Han hadde konfirmasjon i helga.
Peonar, Ranunklar, Cymbidium, Alchemilla, Viburnum, 
i skjønne kvite og grøne nyansar.
Så fylte eg ei sykkelkorg med roser.
Var nok ei glad jente som fikk sykkelen som 
ho ønskte seg + korga fylt med roser. 

På fredag var vi ein tur ut, eg og Ørjan altså.
Tanta has har blitt 40 år og Onkelen blir 50 år. 
Dei tok ein litt anna vri på feiringa og inviterte 
ut på pub. Det blei ein koseleg kveld. 
Ingrid og sambuaren sat barnevakt. 

Kommande laurdag skal vi i kostymeparty.
Heilt ut på Osterøy og då skal Tone Margaret 
vere barnevakt. Mykje som skjer no for tida.
Veit ikkje heilt kva eg skal kle meg ut som heller.. 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar