Sider

onsdag 1. april 2015

Påske

I går gjore eg og Sofie litt forskjellig. Begynte på
ostekake etter frukosten. Så tok vi bussen til byen 
for å møte Elen.
Ho 'mellom landa' i Bergen så blei
berre eit kort møte. Men det er betre enn ingen møte.
Er ikkje ofte Sofie ser henne.
Sofie fikk sjokoladebolle med Elen.
Når Elen hadde reist vidare gjekk vi for å kjøpe 
sandalar til Sofie. Vi reise jo til Gran Canaria neste
helg. Og då må jo vi ha rette utstyret til sol og varme :)
Det er blinkande lys på sandalane.
Var innom jobben og sa hei og god påske.
Når vi kom heim la eg Sofie i senga så ho kunne kvile
litt. Trur ikkje det vart så mykje kviling, men eg fikk
no tatt oppvasken og laga gelen til ostekaka. 
Henta Sofie og lagde middag.
Etter middag kledde vi på oss gjekk ned i boda og
sådde litt frø. Solsikke frø frå solsikkene som Sofie
sådde i bhg i fjor. Restar av sukkerertene og nokre 
tomat frø. 
Tok med nokre påskelilje løkar som eg har hatt
liggande og gløymt og plante med oss ut. Gjekk bak 
blokka og planta dei.. Så får vi sjå kor det går. 
Såg at dei primulaene som eg planta for nokre år
sidan var grøne og fine. Var ei tue som nokon andre 
har planta som hadde to blomster.
Når eg var ferdig å plante gjekk vi til leikeplassen.
På veg dit fann vi to greiner som vi to med oss.
Etter at Sofie var lagd begynte eg å rydde og pynte litt.
Hadde igjen nokre påskeliljer frå DM. Så danderte
dei litt her og der. Greinene som vi fann ute sette
eg i ein vase og hengde opp egg som vi pynta i fjor.
Har 3 egg liggande på kjøkkenbenken som eg tenkte
vi kunne pynte, men det har ikkje blitt gjort endå.


I dag har vi ikkje våre så effektive. Vi har våre meir
inne og sløva. Vaffel har vi og steikt oss. Ørjan hadde
med seg vaffel røre i frå jobb i går. 
Reiste på Sartor senter når Ørjan kom frå jobb.
Åt middag på Zupperia og handla litt
før vi reiste heim, Kjøpte nye CDar til Sofie med
songar og eventyr. 

I kveld har Ørjan fått prøve seg som frisør på meg.
Lyse striper i håret.. Med ein plastikkpåse på hovudet
og ein heklekrok i neven. 

1 kommentar :