Sider

mandag 27. april 2015

Hagesyslar på altanen

Når ein ikkje har hage må ein gjere det
beste ut av det ein har. Og vi har ein 
innebygd altan. Liten...Det blir det glovarmt
når sola står på. Og når den gjer det gjer den 
det i mange timar... 
Vi kan opne opp vindauga.

Før vi reiste på ferie sådde eg solsikkefrø
frå solsikkene som Sofie planta i fjor. 
Sukkerert frø og tomat frø som eg hadde 
igjen frå i fjor. 
Så kjøpte eg denne snedige "trappa".
 Den kan klapsast saman når den ikkje er 
i bruk. Passa fint ut på altanen vår!
Lagde meg klatrestativ av hønsenetting til
sukkerertene. Solsikkene planta eg i 
hermetikkboksar. Festa dei fast i grillspyd. 
Dei får få seg høgre støttepinnar etterkvart.
 Saint paulien og Palaenopsisen fikk og komme ut.
Tomatplantane får stå inne og bli større 
før eg plantar dei om og set dei ut.
Sådde og jordbær frø, men dei har ikkje 
begynt å spire endå.. Vente, vente.. 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar