Sider

onsdag 26. november 2014

Lefse baking

Har hatt takke i 2 år no og har endå ikkje
prøvd meg på lefser. Har fått oppskrifta som
mi oldemor brukte. Den er vist opphavleg
frå Lofoten.
 Rydda klar benken og rigga til takka, våte klede og 
kjevle med varmt vatn i. Deiga er nemlig lettast å arbeide
med når den er varm. 

Kokte opp mjølk og smør. Blanda i sukker, hornsalt 
og kveitemjøl. Kokte vatn og hadde i vasken.
Sette bollen med deiga ned i vasken i det varme
vatnet. 


 Då var det berre å sette i gang. Dei fyste lefsene blei for
tjukke.  Så blei det for langen så dei gjekk utom. 
Til tynnare og større dei blei vart det vanskeleg
å få dei runde. Fann ut at ei litt toppa SS var passeleg.
Fikk tips av gamletanta mi å bake ut på "tisselaken"
for då heng det ikkje så lett fast. Veit at på Åhlens
kan ein få kjøpt som meter vare. Hadde ein plan om å
kjøpe der, men har ikkje kome så langt.

Følte det aldrig minka i bollen med deig. 
Og tenkte på at eg skal smør alle dei lefsene. 
Angra ei lita periode på at eg ikkje halverte deiga.
  Fikk meg steikespade med bestefaren.
Blei litt brent mjøl, var ikkje enkelt å koste av alt
før eg steikte. Skulle hatt meg ein pensel til 
 å børste det av.

 Så var det berre å sette igang med smørjinga.

 42 lefser av ymse kvalitet. ;)
Viktig å hugse å legge dei i våte klede. Ellers blir dei stive.
 Eg hadde eit nytt klede ca etter kvar 10 lefse. Men skulle
 hatt oftare for dei som låg i midten blei ikkje mjuke.

Skal legge ut oppskrifta om du og vil prøve deg
på Oldemors tynn lefser. 

:D

1 kommentar :

  1. gammeltante Gunhild26. november 2014 kl. 22:37

    Hei. Detta var jo kjempeflott etter første forsøk!
    Du skal få eit tips til. Legg press på lefsa. F.eks. om du har eit rundt tungt trefat til pizza . Då held den seg mjukt lenger Den skal for øvrig steikast berre på eine sida. Ellers brukar eg berre ein gammal koppehandduk å børste vekk brent mjøl med. Men eg set takka slik på benken at eg kan børste det direkte i vasken :-) Eg har ikkje baka i år, men synst å huske frå i fjor at eit emne kan vere ca 80 gram. Då blir det passelig størrelse på lefsa.

    SvarSlett