Sider

onsdag 26. november 2014

Oppskrift på tynn lefser

1,5 l Søtmjølk
1,5 SS hornsalt
150 g sukker
ca 2 kg kveitemjøl
225 g smør

Kok opp smør og mjølk, avkjøl, men ikkje meir enn 
at du greier å elte. Bland hornsalt og sukker i og mjøl
til deiga blir passe å kjevle ut. Den skal vere laus.
Deiga må haldast varm om du skal greie å kjevle den ut
til tynne lefser. Fordel å ha ei kjevle ein kan fylle fatn i.

Dei skal steikast berre på eine sida. Derfor varm takke.
Når lefsa er steikt legg du den på eit vått klede. Så legg du 
eit vått klede opp den igjen. Legg gjerne press på toppen.
Dette blir gjort for at lefsene skal halde seg mjuke.

Til å smørje lefsene treng du:

1 kg smør
1/2 kg sukker (eller melis.)
Litt kanel

Server lefsene gjerne med søst eller gombe.



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar