Sider

onsdag 19. november 2014

Kjole

Fann mønster på ein fin kjole i eit av 'Alt om Håndarbeide'
blada eg har. Fann ut at eg ville sy jule kjole til Sofie.
Det var berre å sette i gang med å teikne av mønsteret
i den str eg ville ha. Mykje klipping og liming av bakepapir.
Går med ein god del stoff i skjørt delen.
 Overdelen derimot, litt mindre stoff kan ein seie.
 Sydd i belegg på fram- og bakstykket.
 Etter å ha sydd fast belegga vrengte eg den gjennom 
skuldrene. Sydde saman bak. Frå merket og ned. 
 Bretta inn kanten i splitten og sydde.
 Sydde med tvilling nål rundt halsopninga og rundt 
armhola. 
 Sydde rullekant på nedre dela av skjørta.

 La dei tre skjørt delane i kvarandre og sydde i ein 
rynketråd.  Hadde tenkt å bruke den nye symaskina
mi til det. Tok ikkje sjansen på det, for eg trur den
ikkje hadde rynka det nok. 
Etter å ha rynka skjørt delen saman slik at
 den hadde same omkrets som overdelen nåla eg
dei fast os sydde dei saman.

Sydde fast ein knapp i opninga bak. Sydde ei hempe 
for hand. Sydde fyst tre/fire trådar i den str som hempa 
trengde vere. Så sydde eg knappholssting  over dei 
trådane.
 Til slutt sydde eg på sløyfe band med paljettar på 
over saumen der overdelen og skjørt delen er sydd
saman.
 Blei fornøgde med kjolen. Kanskje eg kjem til å sy 
fleire i andre fargar. :)
Eller noko linande til meg sjølv ;)
  Synest du den blei fin?

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar