mandag 15. september 2014

Avblåst streik

I dag vakna eg av alarmen til Ørjan. Noko som ikkje har 
våre så vanleg dei siste 20 månadane. ;)

Han hadde på slumring ei stund så når han sto opp burde eg og
stå opp. Gjere meg og Sofie klar til å reise til byen.
Skulle møte på eit hotell i sentrum kl 0830. 
Men vart liggande litt til før eg sto opp og kledde på meg.
Endå hadde det ikkje våre lyd i Sofie.
Ikkje ofte eg står opp før ho og i tillegg har fått på meg kle!

Gjekk på kjøkkenet for å lage til mat. Tok mobilen for å skjekke
om det hadde skjedd noko på den. Hadde fått eit par meldingar frå
Handel og kontor der det sto at streiken er avblåst.
Var ei kjekk melding å få det.
Det fyste eg tenkte var at eg kunne låge i senga endå. Så vrengte av
meg boksa å la meg. Gjekk ikkje lenge før Sofie vakna.

Vi fikk god tid til frukosten. Det er planleggingsdag i barnehagen i dag
så den er stengd. Sidan vi ikkje skal stå streike vakt i dag
lure eg litt på om vi skal gå tur til Askøy.?
Det er så fint vær ute.


3 kommentarer :