Sider

fredag 12. september 2014

Streik

For to veker sidan gjekk Handel og kontor ut i streik.
Fordi dei og NHO ikkje kan blir einige. 
Vi var ikkje med i pulje 1 og 2 som blei tatt ut.
På måndag blir pulje 3 tatt ut og då er Blomsterpaviljongen
tatt ut. Så då må eg streike.. :>

Er no ikkje heilt sikker på kva eg meina om denne
streiken. Dei står jo på sitt begge organisasjonane.
Ingen som er villige til å rikke på stortåa!!

No har eg ikkje sett meg så godt inn i dette. Informasjonen
må ein jo leite etter. Ein får den ikkje servert..
Og eg er elendige på å leite og lese på nette. 
Finn eg noko får eg ikkje med meg kva eg les.

Må ha med meg Sofie på møte måndag morgon og
for det er planleggings dag i barnehagen.
Ho har nok ikkje lyst til å vere med å stå streke vakt.
Noko eg godt kan forstå! Keisamt!! 

 Vi får håpe på ei løysing om ikkje så lenge..

Kva tykkje du om streiken??

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar