Sider

onsdag 16. april 2014

Påskeegg

Eg har hørt at ein skal gjere mot andre det ein vil at
andre skal gjere mot deg.  Så har prøvd på det, men 
må kanskje prøve hardare... 

Men tilbake til påskeegget. Eg tenkte at eg skulle 
lage påskeegg til Ørjan. 
Han kan no kjøpe det snopet som han vil ha sjølv,
men tenkte det at det er no litt kjekt å få. :)
Så min plan var å kjøpe eit påskeegg og dekorere det litt
med bilete av oss på. ;)

Så i går når eg og Sofie var på vestkanten for å
handle inn til påske skulle eg kjøpe påskeegg. Utsolgt!!
Så då var det å gruble på kva eg skulle gjere i staden.
Skulle eg berre drite i det??!

Tenkte eg kan lage eit påskeegg, men av kva?
"Man tager hvad man haver" 
Og det var: hønsenetting, reklame, decoupage lim og
gull spray. 
 Begynte med å klippe til hønsenettingen. Vikla den saman og
prøvde på å lage ei egg form. 

Reiv strimlar av reklame og la dei i vatn. 
La strimlane rundt forma. brukte og decoupage lim.
Fann ut at papirstrimlane var for våte. Så brukte dei tørre 
i staden.
 Litt grisete..
 La på eit litt tjukkare lag på midten for å få litt meir
lik egg form.
 La eit heilt stykke over for å få ei finare overflate.
Då var det berre å vete til tørka. Det tok litt tid sida eg hadde 
bløytt noko av papiret. Men til slutt var det sopass 
tørt at eg kunne spraye på. Fekk gjort det før Ørjan kom heim 
frå jobb.
 Egget ferdig spraya. 
Skreiv ut nokre bilete av oss. På gult papir så klart. ;) 
  Egget ferdig med bilder på.
Ein kan bruke gips i staden for avis/reklame.

Eg hadde tenkt å gi egget med snop i til Ørjan i dag, men han 
stakk når eg begynte å støvsuge.. 
Han sa ingenting om kor han skulle eller kor lenge han blei vekk.. 

Fortsatt god påske alle saman!

Anne Marie

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar