Sider

søndag 13. april 2014

Påskeverkstad

Har ikkje sett Hanne så mykje etter jul så inviterte henne på
påskeverkstad i går.
 Eg blåste ut av nokre egg og lagde eggerøre til lunsj. 
Sofie synest det var godt.

 Så kom Hanne og vi klipte i serviettar og limte på egga.
Sofie fikk male litt, men blei fort lei og skulle ned. 

Ho helde på å få to tenner i underkjeven. Så i helga har ho
våre veldig irritabel og grinete.. Slitsom å vere med rett og slett!!
 Her er dei ferdige egga våre.  Blei dei ikkje fine vel??
 Vi lagde og gul rullekake. Eg såg ei i coop bladet. Den såg
so god ut at den måtte prøvast. Vår såg ikkje like delikat ut.. 
menmen.. Den var no etandes.
 Hanne hakka sjokolade og raspa appelsinskal til fyllet i kaka.
 Vi vart svolte at alt arbeidet så når Sofie hadde lagt seg lagde vi 
oss pizza til middag/kvels. 
 Endeleg satt vi sofaen med god mat og drikke.
 Her var egga komt på plass i vindauget + litt fjær. 
 Rullekaka. 
Ha ei fin påske alle saman!!

Anne Marie

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar