Sider

mandag 5. september 2016

Vognpose

Var på Stoff og Stil for nokre veker 
tilbake. Kjøpte diverse stoff med planar
om å sy litt kle til Kristian.
Kjøpte og regnstoff for ville og 
sy ein enkel vognpose som skulle 
tåle litt regn. 
 Fann ikkje noko mønster, kika på diverse vognposar
og lagde meg eit.
 Hadde fleece inni slik at det skal bli litt mjukare og 
varmare å sitte på. 
Hadde og litt fyllvatt i fronten.





 Kunne nok hatt den enda litt lenger. Tanken var
at den skal beskytte beina mot litt vær og vind.

 Vart fleire dagar med sol når eg var ferdig å sy. Så kom
det øs pøs vær. Men vi fikk prøvd den ein dag vi var
til by`n

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar