Sider

fredag 11. desember 2015

Store sjokoladecookies

På tysdag lagde eg meg sjokoladecookies.
Må jo ha litt i kakeboksane no når
det nærmar seg jul. Oppskrifta henta eg
frå ei bok som eg har hatt i årevis. Har aldri laga
noko frå den før. 1 deig, 100 småkakrer.

Oppskrift

Gir 12 store kjeks
*225 g mjukt smør
*140 g sukker
*1 eggeplomme, lett vispa
*2 ts vanilje ekstrakt
*225 g kveitemjøl
*55 g kakao pulver
*85 g melkesjokoladedråpar
* 85 g Kvite sjokoldedråpar
*115 g mørk sjokolade, grovt hakka
*salt

1: Sett omnen på 190 *C . Kle to-tre bakeplater
med bakepapir.

2: Ha smør og sukker i ein bolle, rør det kvit med ei tresleiv eller ein 
elektrisk handmiksar. Pisk inn eggeplomma og
vanilje ekstrakt. Sikt mjøl, kakao pulver og ei klype salt
saman ned i bollen. Tilsett begge typar med sjokoladedråpar,
og rør med ei tresleiv til alt er godt blanda.

3: Form eiga til 12 kuler. Legg dei i god avstand frå kvarandre på 
bakeplatene. Klapp dei litt flatare. Trykk dei mørke 
sjokoladebitane ned i kjeksa.

4: Steik kjeksa midt i ovnen i 12-15 min. La dei 
kvile på bakeplatene i 5-10 min, så dei kolnar litt.
Bruk ein steikespade til å flytte kjeksa over
på ei rist, og la dei bli heilt kalde.



Sofie synest ikkje desse var så gode så får
dei nok mest for meg sjølve.
 Var nok litt mykje mørk sjokolade 
for hennar del.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar