Sider

fredag 11. desember 2015

Sjakkruter med ingefær og appelsin

Lade sjakkruter og på tysdag. Denne gangen med ein 
vri frå same kokeboka som sjokoladecookiesane.
1 deig, 100 småkaker



Oppskrift

Gir ca 30 stk
*225 g mjukt smør
*140 g sukker
*1 eggeplomme, lett vispa
*2 ts vanilje ekstrakt
*280 g kveitemjøl
*1 ts malt ingefær
*1 ss finreve appelsinskal
*1 ss kakaopulver, sikta
*1 eggekvite, lett vispa
*salt

1: Ha smør og sukker i ein bolle, og rør det saman med ei
tresleiv eller ein elektrisk handmiksar. Pisk inn 
eggeplomme og vanilje ekstrakt. Sikt mjøl og ei klype
salt i bollen og rør godt saman.

2: Del deiga i to. Tilsett ingefær og appelsinskal i 
den eine halvparten, og bland godt. Form deiga
til ein 15 cm lang kubbe. Flat til sidene og toppen, 
så kubben blir firkanta og ca 5 cm høg.
pakk den i plastfolie og sett den kjøleskapet i 30-60 min.
Tilsett kakao i den andre halvparten, og bland godt.
For til ein lik kubbe som den fyste deiga. Pakk
den i plastfolie, og sett den i kjøleskapet i 30-60 min.

3: Ta kubbane ut av plasten. Skjær kvar kubbe i tre skiver
på langs. Skjære kvar skive i tre strimla på langs.
pensle strimlane med eggekvite, og stable
dei tre og tre i høgda med annakvar lys og mørk til to flate 
kubbar igjen. Pakk i plastfolie og legg dei i 
kjøleskapet i 30-60 min.

4: Sett omnen på 190 *C. Kle to bakplater med bakepapir.

5: Ta deiga ut av plasten og skjær den i skiver med ein skarp, 
sagtagget kniv. Legg dei i god avstand frå kvarandre på 
bakeplatene. Steik dei midt i omnen i 12-15 min, 
til dei er faste. La dei kvile på bakeplata i 5-10 min, flytt dei 
over på ei rist, og la dei bli 
heilt kalde.



Eg lagde ikkje mange små ruter, 4 var nok 
for meg. Synst det var lettare å  dele opp 
deiga med deigdelaren.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar