Sider

lørdag 24. oktober 2015

Ønskeliste - generelt-jul-bursdag

Har skreve meg ned ei liste over ting eg
ønsker. Noko av det har eg vel strengt tatt ikkje behov
for og andre ting er eg litt usikker
på om eg treng.

*Eit par nye laken til senga skulle vi vertfall ha hadt
Str 180*200
 *Ein baby gym til babyen
 *Baby innlegg til ergobaby bæreselen. Kan vere grei å ha
vis eg vil bære babayen istaden for å trille når eg skal gå i 
barnehagen med Sofie. 
 *Denne vogna her er heilt genial! Den blir pitteliten når
den slåast saman så den teke nesten ikkje noko plass. 
Kjempe praktisk når ein skal ut å reise! 
Kunne tenke meg den, men har eg behov? Kostar litt
penga gjer den og.

 

*Har og tenkt på ei bed side seng.
Praktisk når ein skal amme om natta
og vil ta litt mindre plass på soverommet
enn vogga. (trur eg.. )
<= Denne varianten er fin å bruke som
benk/sofa til ungane når den ikkje blir
brukt som seng lenger.
Botnen kan stillast i forskjellige høgder.




 *Eit korthåra lammeskinn som kan brukast i 
vogn/vogge eller seng
 *Reflex LUN bilstolpose grå.
Kjekt å ha om vinteren så ein ikkje 
treng å ta på for mykje kle på babyen.
*Samsoving- amme madrass 
*Ammepute

*Nabby babycall. Har ikkje så stort 
behov for babycall her, men er grei å ha
når vi er på Åheim eller skal andre plassar
på tur. Denne teke jo nesten ikkje plass :)
*Såg denne skåla på Kid i dag.
Den kunne eg tenkt meg.
 *Baderomsmatte  frå Jysk Karlstad 70*120
Lys grå Kronborg. Så blir ein ikkje så kald
på føta når ein står på badegolvet!!

*Strittetang kunne våre kjekt å ha. (av og 
til i vertfall)

Fleire av desse tinga kan ein faktisk finne fint 
brukt på Finn. 

Sofie må jo ha ei ønskeliste og!


 *To små barnestolar 


*Dynetrekk i str 140*200 med Frost eller 
Minnie mus motiv på.
 *Liten trillekoffer,t veldig gjerne med Elsa og
Anna på. 

*Ullteppe frå kid. Kjekt å ha når 
det er litt kaldt og på tide å få seg 
egne litt større tepper.

Ellers:

*Ullunderstøy str 104

*Vinterjakke str 104

*Ullsokka 25-27

*Kjolar natt/vanleg str 104

*Sommarjakke str 104
Gjerne ei som er litt finare
 og ei som er vind/vann 
avisande.

*T-skorter str 104

*Sko 25/26

*Så har Sofie lyst på lilla/rosa klokke
som eg har. For den elska ho, seie ho.

* Ellers er ho glad i klistermerker,
puslespel og er veldig på rollespel
no for tida. 

Motiv som Frost- med Elsa og Anna.
Minnie Mus, Tom og Jerry, Peppa gris

torsdag 15. oktober 2015

Hue og panneband/hals

 I kveld har eg sydd to huer til Sofie og eit panneband
til meg sjølv.



 Sydde ein hals/panneband til Sofie for nokre veker sidan. 
Kjekt å ha no når det begynne å bli kaldt ute.

Nattkjole-kosekjole

Har lenge tenkt at eg skulle sy meg ein
nattkjole "kosekjole" 
Tanken var fyst ein utan armar, men no 
begynne det jo å bli kaldt så litt armar 
er greit. Hadde faktisk eit mønster på ein 
kjole med halvlange armar. 
Litt formlaus og vid kjole med litt vide armar 
skulle og vere eit snøre å knyte rundt midja, men 
det gadd eg ikkje lage til ein nattkjole.
Smalna inn armane litt og lagde mønsteret endå litt
lenger. 

 Kjempe lett og raskt og sy :)

Så no har vi make kjole eg, Sofie og dokka.
Hadde vist ikkje bilde av dokka med kjolen på.
No ligg dokka i senga med Sofie.

lørdag 10. oktober 2015

Lysfat haust

På tide å ta fram lysfatet. Det er haust og dagane har
blitt kortare. Sofie har merka at det begynt å bli mørkt 
til leggetid.
På torsdag sto eg bak på lageret og pakka opp masse
nye og fine varet til butikken. Blant anna desse 
te-lys haldarane med hjortemotiv. Var tre forskjellige
motiv, men eg likte best desse to. Kjøpte med meg
3 stk heim fann fram lysfatet, te-lys og eit kubbe lys 
i kobbar farge. Så då tente vi lys med det same. 
Sofie hadde litt lyst til å blåse ut når eg hadde tent.


 På jobb på fredag måtte eg berre lage til eit lysfat. 
Er så fin denne sink serien med treverk rundt. 
Vi har i jupe fat (som eg har brukt her) det finnest og 
i ein større størelse. Og potter i 2 forskjellige størelsar.
Festa fast oasispigg under lyshaldarane slik at dei skulle 
stå litt stødigare. Har oasis og jord under mosen. 
Planta ein lyng og calochephalus. Stakk i ilex og brukte 
lærke greiner med kongler på. 
Skikkelig haust-jakt og skog arrangement, dekorasjon, samanplanting.  

Kanskje den er solgt når eg kjem på jobb på Mandag :)

Makrame

Har ein henge plante som fyst to i vatn
for den hadde dotte av ein svær på jobb.
Den fikk mange røte i vasen, men det tok sin 
tid før eg planta den i noko jord.
Når eg fyst fikk gjort det har den no blitt 
flytta litt rundt på. Den har ikkje likt å henge utfor
kanten på hylla over sentralvarmen. Så den har
hengt på ein daud elefantfot... i påvente av at
eg skulle få fiksa eit oppheng for den..
Så no har eg makka meg til å prøvd meg
på makrame. Knytte no saman nokre trådar eg.
Så googla eg makrame etterpå :P Fann jo
mange forskjellige måtar ein kan gjere det
på. Lagde to sidan eg hadde ein plante til 
som kunne få komme seg opp i lufta.