Sider

lørdag 10. oktober 2015

Lysfat haust

På tide å ta fram lysfatet. Det er haust og dagane har
blitt kortare. Sofie har merka at det begynt å bli mørkt 
til leggetid.
På torsdag sto eg bak på lageret og pakka opp masse
nye og fine varet til butikken. Blant anna desse 
te-lys haldarane med hjortemotiv. Var tre forskjellige
motiv, men eg likte best desse to. Kjøpte med meg
3 stk heim fann fram lysfatet, te-lys og eit kubbe lys 
i kobbar farge. Så då tente vi lys med det same. 
Sofie hadde litt lyst til å blåse ut når eg hadde tent.


 På jobb på fredag måtte eg berre lage til eit lysfat. 
Er så fin denne sink serien med treverk rundt. 
Vi har i jupe fat (som eg har brukt her) det finnest og 
i ein større størelse. Og potter i 2 forskjellige størelsar.
Festa fast oasispigg under lyshaldarane slik at dei skulle 
stå litt stødigare. Har oasis og jord under mosen. 
Planta ein lyng og calochephalus. Stakk i ilex og brukte 
lærke greiner med kongler på. 
Skikkelig haust-jakt og skog arrangement, dekorasjon, samanplanting.  

Kanskje den er solgt når eg kjem på jobb på Mandag :)

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar