Sider

tirsdag 17. februar 2015

Marinert svinefilet

800 g reinskåre kalve- eller svinefilet
Marinade:
-Saft av 1 lime
-2 fedd kvitløk
-5 SS olivenolje
-1 ts sitronpepar
-1 ts sukker
-Eventuelt friske stilkar av timian. (Passar godt til svinekjøt.)
-Smør eller olje til steiking.

Tilbehør 
Ris, omnssteikte potetbåtar eller fløytegratinerte poteter.
Grønsaker som gulrot, brokkoli, persillerot, aspargesbønner
eler andre grønsaker. Pensle grønsakene med litt olje, salt
og pepar og bak dei i omnen. 
Ein flisk salat passar og godt til. 

Lag til marinaden. Press ut safta av limen og finhakk løken.
Bland det saman med resten av ingrediensane. Pensle fileten med
marinaden. Fileten bør kvile ein times tid. Gjer klar tilbehøret.
Bruk ei stor steikepanne, og brun fileten godt på begge sidene.
Del fileten i to om den er for lang. Steik fileten midt i omnen 
på 200 *C i ca 20 min.
La fileten kvile i 10 min etter at den er ferdig steikt, slik 
at kjøtsafta ikkje renn ut. Skjær kjøtet i 
tynne skiver med ein skarp kniv.
Denne retten kan ein fint lage midt i veka.
Mariner fileten kvelden før. Då får
marinaden trekke ekstra godt inn i kjøtet.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar