Sider

tirsdag 24. februar 2015

"avvist"

Nokre dagar etter spontan aborten ringte eg
til legen for å få ei henvisning opp til KK.
Eg måtte ha ein time med legen for det, sjølv
om eg var der den dagen SA begynte.

Var til legen og han skreiv no ned noko. 
Merkeleg han som er vikar for fastlegen min. 
Han ser så vidt på meg og virkar veldig uintresert.

Så no har eg gått og venta på svar i posten. 
Det har ikke komt endå. Logga meg inn på 
vestlandspasienten.no for å sjå om der var registrert 
noko. Det var det. Tre dagar etter at eg var hos 
legen var det mottat og to dagar etter var henvisninga 
avvist. Som snart er ei veke sidan. 
Muleg eg får brev om kvifor i dag.

Eg viste faktisk ikkje at ein kan bli avvist.
:(
No veit eg ikkje kvifor eg har blitt avvist.
Men har ein mistanke om at det er for at eg 
berre har hatt 2 SA. Og at alt er nok slik
det skal vere. Eg er jo ung og har heile livet 
framfor meg.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar