Sider

torsdag 30. oktober 2014

Korleis sy saman bokse.

Legg framstykka rette mot rette, gjer det same med bakstykka.
Sy så saman det som blir fram og bak på boksa.
 (Når eg hadde sydd saman oppdaga eg at det ikkje var
slik eg har gjort det før. Det gjore ingenting blei berre
ei anna rekkefølgje.) 
 Så brettar du ut framstykket og bakstykket og legg dei 
rett mot rett. No skal du sy sidene saman.
 Så skal du sy innsida av beina saman. Pass på at saumane
i skrittet ligg over kvarandre.
 Ribb til beina.
 Brett ribben rett mot rett og sy.
 Brett ribben.
 Plasser ribben i boksebeinet. Pass på at saumen i
ribben ligg over saumen på innsida av boksebeinet.
Nål fast. Ribben er som oftast mindre enn boksebeina
så sett i ei nål strekk ribben og når den andre sida.
Gjenta to gangar. 
Når du skal sy fast ribben må du strekke i den
mens du syr.

Rribb i livet.
Brett ribben og sy så du får ein sirkel som er litt mindre 
enn boksa sitt liv. Brett den saman med rette ut.

Så nålar du den fast på same måte som beina. Ha saumen
på ribben over saumen bak på boksa. 
Hugs at om du vil ha snorer i ribben, lag til hål til
det før du syr den fast. 
Ferdig bokse sydd av eit fleeceteppe og eit skjørt
eg ikkje brukte lenger. 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar