onsdag 29. oktober 2014

Framkalling av bilete

Har ein konto på Foto Knudsen der eg lagrar bileta mine.
Tidlegare i år gjekk eg gjennom og la bilete
i "handlekorga". Har eit fotoalbum som ikkje er fult
så tenkte å fylle det opp. Har ikkje 
framkalla bilete sidan våren 2010!!
Så no er det på tide!

Hadde tenkt å lage foto bøker. Så fann eg eit 
album utan nokon bilete. Så no skal eg fylle opp det
før eg sette meg ned for å lage foto bøker.
Har bestilt bilete frå 2010 fram til 2012.
Og bilete av Sofie som eg skal ha i det små
albumet som ho fikk i dåps gåve.
Får meg litt av ein jobb når alle bileta kjøme.

Sofie blir nok glad når ho får bilete i albumet sitt.
Ho er veldig glad i å sjå bilete. Spesielt av seg sjølv.

Har og bestilt bilete til årets julekort.
 Hadde ein liten foto shoot i går kveld.
Blei fine, artige, alvorlige og sinte bilete. 

Det som gjore at eg kom på dette no var at
eg fikk minn årlege mail frå Foto Knudsen 
om kor mange bilete eg har lagra og ei rabattkode som
eg måtte bruke innan 31 Oktober.
Då var det berre å slå til. ;)

Foto Knudsen har no opptil 50% på julekort
og julegåver. Dei har forskjellig anna som kan er fint å 
gi i julegåver.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar