Sider

fredag 25. april 2014

Brudebukett

I byrjinga av denne veka kom det inn ei brud. Ho ville ha
ein brudebukett no til helga. Så då måtte det bli blomster som
vi hadde. 
Kjolen er lys rosa. Så eg vise henne desse fersken farga 
rosene. Ho likte dei. Ho kunne tenke seg ein hand bunden
bukett. Brukte poppel og brudeslør for å få eit litt sommarleg
preg. 
 Dekte undersida med salal blad. Festa silkeband rundt 
stilkane på buketten. 


 Brude pike bukett med same blomstrane som
brudebuketten.

 På bordet skal dei ha to vasar med roser i. Det skal ikkje
vere noko stort bryllaup. 16 stk til bords og veldig smalt bord.
Så vi fann ut at ein dekorasjon ville bli for stor.
 Corsage
 Bruda ville ha brudeslør i håret. Så ville ho at forlovaren og 
skulle ha noko. Forlovaren har ein blå kjole. Så då
lagde eg til limonium som ho kan ha i håret.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar