I går var det karneval i barnehagen. Eg har ikkje kjøpt
noko kostyme til Sofie. Fann ut at ho kan vel vere
prinsesse. Ho har kjolar som passar til det. Var ned i skuffa
for å finne ut kva for ein ho skulle bruke. Då fann
eg ut at ho kan vere katt. Så eg fann noko stoff og klipte ut
nokre bitar til øyre, hale og hår bøyle. Fann tre tjukke strengar
som eg teipa saman. For å lage ein hår bøyle.
Sydde saman øyrene. Halen hadde eg nokre legder med
strikkegarn i, slik at den skulle bli litt tjukk. På enden av
halen stakk dei ut slik at det blei ein bustete tupp.
Sydde og saman ein stoff bit som eg tredde strengen i. Sydde fast
garn i begge endar til å knyte bøyelen fast under haka.
Sydde så øyrene fast på bøyelen og halen fast på
kjolen til Sofie.
Slik blei det sjåande ut. Var ikkje enkelt å feste øyrene på Sofie.
Klarte det til slutt og då var det å butte smokken i slik at
ho hadde noko anna å tenke på. Hadde kameraet klart.
Fikk tatt nokre bilete, øyrene viste ikkje så godt. Så har redigert
bildet litt slik at øyrene skulle vise.
Kjempe søt pusekatt!
SvarSlettHerlige ører :o)