lørdag 7. desember 2013

Advents tid

Mandag kjaure eg og Sofie tilbake til Bergen.
Her var det litt diverse som eg ville ha gjort, 
helst alt samtidig. Begynte med å male 
hjørnet på kjøkkenet. Henge opp julegardiner 
og finne fram julepynt.


 Det hadde hopa seg opp med klesvask når vi kom heim.
So det måtte vaskast kle til den store gullmedalje.
Vi har ikkje tørketrommel so alt må hengast opp..
Klarde å ta knekken på det eine tørkestativet.
 Julekorta måttte også lagast slik at dei kjem fram før
jul. Bilde av det kjem seinare. Mens eg holdt på
med julekorta styrte Sofie på ut på kjøkkenet.
 I dag blei eg og ferdig med adventsstaken og. :)
 Når eg var på Åheim klipte av nokre greiner av 
vrihasselen min. Som veks i hagen til mamma og
pappa. Den har begynt å bli stor so den trengte
å klippast litt. Hengde den i vindauget i stova.
Fann ut at eg ville ha raude jule kuler i, det 
hadde eg ikkje då bar det avstad for å kjøpe det.
Det har snøva ein del dei siste dagane. 
I går kjøpte Ørjan akebrett til Sofie.
I dag var vi ute å prøvde det, Sofie lurte nok 
på kva i alle dagar ditta var for ein rar aktivitet.


2 kommentarer :

  1. Hi there!
    Your blog is Amazing!
    My is just a simple one.

    Paulo Gonçalves
    http://viajaredescobrir.blogspot.pt

    SvarSlett