Sider

søndag 14. februar 2010

Morsdag, valentin og fastelaven :)

Var nok å gjere på jobb i går. Eg begynte kl 10.00, trur det var kundar i butikken nesten heile dagen fram til kl 18.00. Åse og Linn begynte kl 08.00. Dei hadde laga til ekstra pakkedisk og ekstra kasse utanfor eine porten. So hadde dei fått ut alle ferdig bukettane og alle tulipanbukettane. Åse sto bak og lagde fleire bukettar. Eg og Linn pakka og lagde til bringingar. Fredags kvelden hadde eg pakka inn plantar som skulle bringast, so det var for det meste tulipanbukettar som skulle pakkast inn.

Kl 11.00 kom Eirin og kl 12.00 kom Anne Marit. Når vi var so mange fekk vi satt oss ned kvar sin gang å ete oss litt mat.

Fekk vatna alle plantane før Anne Marit og Linn gjekk. Dei to siste timane sto vi nesten berre bak disken og pakka :)




Etter jobb reiste eg bort til Nina. Før eg gjekk bort til henne møtte eg Egil som hadde med seg boksen for digitalt bakkenett :) yes! no kan eg snart få sjå tv igjenn. Om eg får hjelp til å ta opp tv'n frå kjellaren.


Lagde god heimelaga pizza og såg film: Menn som hater kvinner.


Lure litt på å lage bolla i dag og eit par brød :) alltid greitt å ha noken brød i frysaren!


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar