Sider

torsdag 2. juni 2016

Kortbokse og shorts

Sydde ein kort tights til Sofie forge
veke. Brukte ein av dei som ho hadde
frå før og la opp på stoffet og klipte ut.
Så leitte eg fram noko stoff som eg
kjøpte for ei stund tilbake. 
Tenkte at det kan vere litt godt 
no i denne varmen. 
Det eine er rosa og det andre kremgult
med dinosaurar på.
 Kristian har ikkje shorts så tenkte eg kunne prøve 
 å sy det. Fann ei av buksene hans og la på stoffet.
Gjore det same med den til Sofie. Dette stoffet er
ikkje stretch, så viste at eg måtte gjere litt ansleis enn
med den fyste boksa eg sydde. Har nok mønster 
som hadde passa, men gadd ikkje begynde å leite
etter det.. 



 Sydde på ein god og brei ribb kant i magen på 
shortsen. 
 Fikk Sofie til å prøve på boksa slik at eg fikk sjå 
kor for "lita" den var. Sydde i sto trekantar i sida 
og lagde opning framme. 

 Sydde ein smal kant med ribb stoff.
 Sydde i knappar.
 Fikk ikkje prøve på boksa i dag når
vi kom heim frå barnehagen, så veit 
ikkje om den passar endå. 
Litt enklare å få på Kristian :P 
Sa at eg ville ha bilde av begge to
i lag med nye bokse, men det hjalp 
ikkje.
Lure på om eg har mønster på 
kortarma skjorte. Hadde våre
litt artig å ha lik til shortsen.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar