Sider

mandag 11. april 2016

Dåpen er over, påska er over og..

Kvardagen kom og suste avgarde igjen..svusjh og 
det har gått to veker!!
Fikk pakka vekk påskepynte med det same påska
var over. Sofie hadde ikkje lyst til at eg skulle
ta påskekyllingane som ho hadde på rommet sitt.
Symaskinene kom på bordet med det same!
I haust bestilte eg lik dress til Sofie og Kristian 
av mamma. Ho hadde dei med seg når dei var her
i dåpen. Blei dei ikkje fine? 
 Var ein morgon Sofie skulle ha pannekaker. 
Blei ikkje til frukost, så to ned takka og
steikte pannekaker til middag i staden :)

Litt sying innimylla  amming og babykos.
Turgåing i fine været!
 Ørjan har fått ny hobby, fallskjerm hopping! Så no har han 
solgt dei andre hobbyane sine. Akvariumet forsvant 
for snart 2 veker sidan. Sofie var ikkje så glad når
vi fortalte det, men når dei kom og henta det var
det heilt greit. (For då kom det besøk, ho lika å få 
besøk) Og han har kjøpt seg fallskjerm! så den siste
veka har han berre venta på pakka i posten :P
Vart veldi tomt når akvariumet forsvann, så fann eg 
to skjenkar på Finn kjøpte dei og bytta dei ut med 
tv benken vi hadde.  Mei lagringsplass, lysare og 
ryddigare.
Har forresten begynt på baby bootcamp. 
Var mange mødre med babyane sine der.
Kjente det godt i heile kroppen etter de 
fyste treninga.!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar