Sider

torsdag 7. mai 2015

Minnie Mus kostyme

På laurdag som var, var vi invitert i kostyme party
til svogeren til Ørjan. Eg kom med nokre forslag, 
men dei var ikkje så freistande. Han kunne kle seg
ut som seg sjølv. Det hadde fungert før. Eg endte
opp med Minnie mus. Så det var å hive seg rundt 
og sy kostyme. 
Hadde eit burgunder raudt dynetrekk
i 'silke' som eg ikkje brukar. Så det
blei utgangspunktet mitt. Teikna ned korleis
eg ville at kostyme skulle sjå ut. 
Så var det å få teikna mønster. Leitte i dei 
blada eg har for å sjå om det var mønster
med puff armar. Det var det ikkje. Kom på at
eg har ei t-skjorte med puff armar. Så leitte
fram den vrengte den la bakepapir over og
teikna  av.
Det var desse puff armane då. Teikna fyst eit mønster og klipte
ut. Prøvde, ville ha meir puff så gjore om på det mønsteret.

Trokla saman delane fyst slik at eg 
kunne prøve og justere om det var behov.
Rynka saman armane slik at dei passa i 
armhola. 
Armane sydde på.

Kvit ribb i nervøs fløyel. 
Lagde fyst eit skjørt av den smale delen av dynetrekket.
Brukte då enden som topp for der var allereie ein brett
eg kunne ha strikken i. Men det vart for lite sving. 
Så sydde eit nytt av langsida på dynetrekket. 
Lagde og eit underskjørt i nervøs fløyel. 
Då brukte eg mønsteret på skjørtet som eg lagde til
Sofie for nokre veke sidan.  
(som eg trudde eg hadde blogga om..,)
Forlenga det litt slik at det kom litt nedom det 
raude skjørtet.
 Slik blei resultatet. 

Sofie sitt skjørt.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar