Sider

tirsdag 3. februar 2015

Verdens mest late formiddag..

Sette meg ned framfor pc'n etter å ha levert Sofie
I barnehagen. Tenkte å gå på vestkanten, men butikkane 
opnar ikkje før kl 10.  Og klokka var ikkje meir 
enn 8.30
Klokka raste avgårde når eg satt å skrolla meg 
gjøna aliexpress. 
Åt meg noko lunsj og lurte på kva fornuftig eg 
skulle ta meg til i dag. Sette meg i sofaen 
og der blei eg verande og drømte meg vekk.

Makka meg til slutt opp og fann meg eit malingsspann.
Kjøpte persienner for mange månadar sida. Den 
på kjøkkenet hengte Ørjan opp med det same.
Dei to som skulle opp på altanen har blitt ståande.
Eg ville male den lista persiennene skulle festast i,
så det blei endeleg gjort.

Henta Sofie i barnehagen. Åt middag pakka opp
persiennene og fann fram utstyret eg trengte. 
Sofie leikte fint for seg sjølv, men si fann ho ut
at  ho skulle gjere litt fantestrekar. Då var det å
gi henne litt oppmerksomhet mellom skruinga.
Persiennene  kom opp til slutt :) 
Og vi såg barne-tv og åt kveldsmat.
Med Sofie i seng skulle eg legge i hop kle og 
henge opp kle. Hanne sendte meg melding
om eg ville vere med på raske menn.
 Blei sittande å prate med henne ei stund og.
Så vi skal på raske menn seinare i februar.
Det blir kjekt. No får eg finne senga for i morga skal 
eg på jobb.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar