Sider

onsdag 11. februar 2015

Endå ein SA

Ja så skjedde det igjen. Eg fikk oppleve ein
spontan abort til. Det er vist ikkje meininga at Sofie
skal bli storesyster heilt endå.
Var ca like langt på vei som sist gang. Det begynte med
litt brunlig utflod og lette blødingar. Så fikk meg
ein time hos legen. Men det gjekk gale før eg
fikk undersøkt. 

Vakna midt på natta av sterke smerter og masse blod. 
Var til legen etter at eg hadde levert Sofie i barnehagen. 
Fikk sjukmelding. Og gjekk heim for å slappe av. 
Var ikkje så gale med smerter på formiddagen, men dei 
kom etterkvart. Var ikkje få gangar på do i løpet av
dagen. 
Gjekk på kjøkkenet for hente ein kopp med vatn til 
Sofie(då ho hosta slik) før eg skulle legge meg.
Blei kjempe dårleg. Måtte sette meg på golvet
for det kjentes ut som eg skulle svime av.
Fikk i meg noko vatn og gjekk på badet.
Var heilt lik bleik i ansiktet.

Var nok blodtapet som gjore det. Hadde ei ubehageleg
tykk i hovudet. Kom meg gjennom natta, blod tapet
reduserte seg heldigvis gjennom natta. 

Hadde time hos tannlegen kl 9 i dag. Selføleglig!
Makka meg ned dit etter å ha levert Sofie.
Gjekk fort for det var ingen ting å seie på tennene mine.
 Tok bussen opp igjen
og la meg på sofaen med beina høgt.
Så det blodet eg hadde igjen i kroppen fikk
finne vegen fram til hovudet mitt.. :P 

Har for det meste låge der i dag, når eg ikkje var på do
eller på kjøkkenet for å ete mat. Måtte hente Sofie
i barnehagen då Ørjan var på samling på jobben.
Men det var godt med frisk luft. 
Og Sofie gjekk heile vegen heim!

Fikk blomster av dei kjekke kollegane mine og!
Sofie ser barne-tv.
No ligg ho og hostar fælt inn i senga si, stakkaren. 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar