Sider

lørdag 3. januar 2015

Jul og Bursdag

På julaftan var eg fyst på jobb. Sofie låg og sov når eg
kom heim. Når ho vakna fikk ho hjelpe til med å ha
på plass gåvene. 
Fikk på kjole og hår pynt. Fann seg eit par små pakkar
som ho ville opne med ein gang. Ho fikk lov å opne den 
som var hennar. Det var ein kopp så den blei brukt under 
middagen. Lysta til å opne fleire pakkar var stor.
Eg sa at ho måtte vente til vi hadde ete middag.

Bord pynt og lys fat.
Fikk Sofie til å stille seg opp framfor treet så eg fikk tatt
eit bilete.
Endeleg middag. Sofie var raskt ferdig med middagen.
(Ho brukar alltid lang tid!!) Så ho hadde forstått at
vi skulle pakke opp etter middag.

Mange harde pakkar og mykje leiker. Så iveren etter 
å pakke opp forsvann når ho hadde pakka opp nokre
pakkar med leiker. 

Sofie og pappa bygger.
Så var det ny morgon og Sofie sin 2 års dag.
Fikk  muffins med lys på på senga. Blåste ut begge lysa. 
:)
Fleire pakkar å pakke opp etterfullt av god frukost.
Egg og kakao. 
Var ein tur ut i det kalde vert før middag og bursdagsgjestane 
kom.


Sofie fikk seg dokkeseng. Den måtte skruast saman 
med ein gang. Og Ørjan skrudde ikkje fort nok, 
så Sofie måtte hjelpe til!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar