Sider

lørdag 17. januar 2015

Diverse blomsterarbeid

Har ikkje blitt så mykje blomster blogging i det siste.
Har ikkje tatt så mykje biler heller. Blir mest
til instagram kontoen til Blomsterpaviljongen.

Blå bukett til ny født gut. Med anemone, vanda og
voksblomst. 
Kom ein kunde inn med eit stort fat. Ho ville ha 60 roser
i og ein vanda orkide. Venninna hennar fylte 61 år. 
Og ho hadde ikkje gitt skikkeleg 60 års presang. Så no
skulle ho gje skikkeleg presang. 60 +1.
Ho kom inn nokre dagar seinare og var heilt i hundre.
For ho venninna hadde blitt så glad for den dekorasjonen.
Og no var ho øverst på venne lista!! Så ho var kjempe
kry! 
Tidlegare i veka hadde vi ein del bestillingar 
til gravferd/bisettelse. Så då fekk eg laga nokre
båre dekorasjonar. Er ikkje så ofte eg får laga det.
Når vi fyst har bestillingar på det, så får lærlingane
dei for dei treng å øve!

Hadde to til same. Så då lagde eg dei like, men speglvende.

To store bukettar som eg lagde til jul.

Lagde og ein bukett som eg hadde med heim til mamma og
pappa til nyttår. Pastell farga roser med frost/glitter på.
Dei var så nydelege.

Har og laga dekorasjon til 70 års dagen til oldemora til 
Sofie. Den får eg legge ut litt seinare. Ho har dag i dag
og den skal feirast i kveld.
Har ikkje fått barnevakt til Sofie så ho får vere med
ei lita stund :)

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar