Sider

mandag 1. desember 2014

Søndags baking

I går begynte eg og Sofie på julebaksten.
Vi lagde serinakake. Så bakte vi brød. 

 Eg trudde eg hadde tatt opp hjorte steik, men det var det 
ikkje. Det einaste det kjøtet var brukande til var
kjøtdeig. Eg tenkte å prøve meg på pizza snurrar.
Litt for ivrig med kjevla så det blei litt tynn botn,
og litt for masse veske i pizza fyllet.
Så når eg og Sofie var klar til å rulle saman hang
det fast og delte seg opp.
Eg blei sint og Sofie skjønte ikkje så mykje..

 Ingen pizza snurr, men pizza DÆSJ...!!! Smakte ikkje
så gale då.
Hadde eigentleg ein plan om å begynne på sjakkruter i 
går og, men vart litt lei.
Vi tok oss ein tur ut på Askøy og besøkte 
Aleksander og Charlotte.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar