tirsdag 4. november 2014

Lysfat

For nokre veke sida var eg ute og klipte greiner
som eg ville feste til eit fat. Var så på Nille og kjøpte
eit plast fat.
Før helga merka eg av med tusj der eg ville båre hål.
Gjekk i boda for hente drillen, men den var ikkje der.
Så fekk Ørjan til å ta med opp den han hadde i bilen.
Det blei til at han båra håla og.
 Sette meg ned i dag for å feste på greinene. Var litt redd 
for at dei hadde tørka, men det hadde dei ikkje.
 Festa streng rundt pinnane før eg tredde den eine 
enden gjøna håle og festa. Hadde litt lengde på strengen
slik at eg kunne feste fleire pinna på.
 Etter kvart som fleire greiner vart festa på kunne eg
flette dei i kvarandre. 

 Ferdig lysfat. Ikkje lenge til advent så då blir det
nok lilla lys på det. :)

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar