Sider

torsdag 23. oktober 2014

Litt av kvardagen

Har våre ute og klipt meg greiner
og på Nille og kjøpt meg eit plast fat.
Så får vi sjå kva eg får ut av det.
 Viste Sofie boksa og genseren eg hadde 
sydd til henne. Ho skulle kle på dukka med den 
boksa. Så i går sydde vi bokse til dukka.
Sofie tegna på mønsteret og fulgte med 
når eg sydde på maskina.  Får ta å sy ein
genser til dukka og.
Denne smarttelefonen gjer at ein blir 
sittande å glo og ikkje gjere noko fornuftig.
Prøvar å gjere vektige ting før eg går på 
jobb, når eg har seinvakt.
Nokre gangar får eg gjort masse andre 
tider ingenting.
Stabling av oppvasken når ein ikkje 
får tatt den. (Sånn at det ser litt 
ryddigare ut på benken ;) )

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar