Sider

lørdag 16. august 2014

Tidleg oppe

Sofie vaknar som regel i halv 7- 7 tida om morgonen.
Om ho ikkje har skreke og makka. Då søv ho litt lenger.
I går tok Ørjan henne ut av senga når han sto opp.
I dag var ho tidlegare våken så eg henta henne inn i senga vår.

Der har ho ikkje plan om å vere så ho går inn i stova
eller på kjøkkenet og hentar diverse.
Som fjernkontroll, steikespade, fotoapparat, leiker..

I dag var det dyra frå traktor hengaren og fotoapparatet.
Muen og bæen sussa faktisk. Og etter at eg sa at no må eg 
vel stå opp, var tålmoda til Sofie over. 
KOMKOM..sa ho og drog meg i arma..  

Og før eg var kome ut av soverommet sat ho klar
i stolen sin og venta på frukosten.
Mat monsen...

I barnehagen spurde dei om Sofie har like god appetitt
heime som i barnehagen. 
For ho hadde ete 6 halve skjever til lunsj.!! det er 3 heile det!
Så dei lurte på om dei skal stoppe henne når dei synest ho har 
ete nok. Ja takk sa eg! Kan ikkje skjønne at ho har plass til all
den maten i den vesle magen sin. 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar