Sider

søndag 13. juli 2014

Oppdatering...

Denne veka var siste for Sofie i Sokrates barnehage. Etter 
ferien begynner ho i Sandgotna. Då kan vi gå i barnehagen
på eit par minutt i staden for å køyre i 13 min :)
Onsdag kasta Sofie opp så Ørjan henta henne. 
Eg hadde seinvakt på torsdag så Sofie og eg var heime
på formiddagen. Vi tok med oss lunsjen ut og åt der.
Elen kom og på torsdag, ho sov med oss til Fredag.
 Fredag tenkte vi å sende Sofie i barnehagen sidan det var
siste dagen hennar. Men ho hadde litt feber så blei heime den 
dagen og. Då fikk ho vere saman med Elen i nokre timar før ho
reiste. Vi tok oss ein tur på leikeplassen. Var veldig varmt.

Vi har alle våre litt små forkjøla den siste veka. 
Og bihulene mine har prøvd å ta live av meg. 
Så blei eg kvalm rett før eg skulle legge Sofie på fredag.
Tok meg ein kald dusj og det virka som det hjalp. Lagde middag 
og reiste på jobb. Der var det varmt!!
Ingen trekk og eg blei meir og meir kvalm.
Så gjekk eg på Clas ohlson for å sjå om dei hadde vifte, men 
det var ein del folk som hadde kome meg i forkjøpet.
Gjekk ned igjen på jobb for så å få i meg litt mat.
Kanskje de hjelpe.. Gjekk greit så lenge eg sat i ro bak der det var
litt kaldare. 
Så kom alt opp igjen, men då følte eg meg myke betre :)
Fekk gjort det eg skulle. ;)

Så kom eg heim, "Velkommen til helvete" sa Ørjan.
"Er du dårleg?" sputre eg. "Eg spyr."svarte han. "Eg og."

Neste gang Sofie spyr, får ho ikkje suss!! 
Og Ørjan som var imun!! 

Haha.. Ja det var litt av ein start på ferien.  
Får håpe på vi blir betre for i morgon sette vi oss i bilen.
Fyste stopp Bjørneparken?

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar