Sider

tirsdag 18. mars 2014

Strikka skjerf

Fann ut at eg skulle strikke skjerf til Sofie. 
Så begynte på det for ei halvanna veke sida.
Strikka på bussen til og frå jobb. Strikka ferdig her 
på Åheim.
 Kjørte til Åheim på torsdag. Eg har tatt meg ferie
frå torsdag til onsdag. 
Bestemora mi har låge på sjukehuset i Volda.
 Ho har ikkje våre frisk. Og på laurdagskvelden døde ho.
 Gravferda  skal vere på fredag. Fekk fri nokre dagar til.  
Så da blir vi på Åheim lenger.
Ørjan kjem med båten på torsdag.
Sofie øver på å gå i trapper. Ho er overraskande flink.
(synest eg.) Vi var ein tur opp i fjøsen for å finne ein pus.
Men der var det litt skummelt med alle sauene. 
Ho kallar Skott pus, eg seier at det er ein voff. Det er 
vist ikkje like enkelt å seie.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar