Sider

fredag 17. januar 2014

Tulipanar i vindauget

Til jul hengte eg opp vri hassel i vindauget. Då hadde eg
raude kuler og istappar i glas hengande. Tok ned kulene,
men istappane fikk henge der. Det er jo vinter ute! Då 
passar det med istappar. Har tenkt at eg skulle hatt noko
anna hengande, men har ikkje bestemt meg for kva.
I dag hadde eg med meg fleire pakkar med tulipanar heim
Fann ut at dei kan eg henge opp. Veit ikkje kor lenge dei 
kjem til å halde seg fine, sidan dei er utan vatn og rett over 
sentral varmen. Men det får berre vere. Eg brukte ein 
burgunder raud tråd som eg surra rundt stilken og knytte 
dei fast i gardin stanga.
 Har og hengt opp hjerte med te-lys i.

1 kommentar :