Sider

onsdag 29. januar 2014

Ryggsekk

Sofie begynte i barnehagen den 13 Januar. Eg fann ut at 
eg ville prøve å sy ryggsekk til henne. Vi var i Åsane ein tur og
då var vi innom Stoff og stil og kjøpte stoff. 

Leitte fram papir og blyant og
sette meg ned for å teikne litt. Så var eg inn på Pinterest for
å få litt inspirasjon. Der kan ein finne mykje. Fann ein sekk 
som var lik den eg hadde teikna. Var inn på bloggen til ho
som hadde sydd den. Var veldig gd forklaring og mange bilete
der. Var til god hjelp.

 Luke til sekken.

Kjøpte stryke stoff. Klipte ut bokstavar og hjerte og 
strauk det på luka til sekken. Alle delane ligg klare til 
stryking. Strauk på stryke  innlegg for å stive av stoffet.
 Eg hadde ikkje tenkt på å ha for inni sekken. Men det gjor
 ikkje så mykje for eg hadde stoff liggande som eg kunne 
bruke.

 Klipte ut figurane som var i stoffet og sydde dei på lommene.
 Lommer til sida på sekken. 
 Sydde kantband på luka.
 Reimane.
 Lomme på fram stykket.
 Sydde i to D-ringar slik at ein kan stramme og slakke 
på reimane. Symaskina ville ikkje samarbeide skikkeleg 
akkurat då. Så sydde nokre gangar og rekte opp igjen 
før eg vart nokon lunde fornøgde.
 Då var det å begynne på monteringa. Sy saman front med
botnen. Så reimar og bakstykket med botnen. Sidene til botnen.
Det var det enkle. Så var det å sy saman sidene og få fine
hjørne når ein var ferdig. Det gjekk greit det. Fekk eit tips 
frå ein annan blogg.

 Feste reimar, hank og like oppe.
 Fann ut at Sofie måtte jo ha lommer i sekken sin og. 
Hadde nokre små stoffrestar, dei blei lommer!
 Endå eit tips eg fekk med meg frå ein anna blogg. 
Noko som eg ikkje hadde tenkt på var korleis eg skulle
stramme i hop opninga. 



 Sofie med sekken på :)
 Skal tru om det er noko spennande opp i her??

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar