Sider

torsdag 20. juni 2013

Hirsegraut

Sofie har ikkje våre so veldig glad i graut.
So eg kjøpte hirsekorn, dei er vist jernrike.
For at jernet skal bli bedre tatt opp i kroppen
er det lurt å legge korna i blåt ei stond før du skal 
koke dei.
 I dag kokte eg hisrekorn for å prøve. Brukte stavmiksaren 
for å mose det. Tok litt i ei skål og blanda ut med vaten
slik at det blei meir flytande.
 Var veldig spent på om Sofie ville ete noko av det.
Og det gjore ho! Åt opp alt som eg lagde klart.
 Hadde resten i ein boks og sette i kjøleskapet. Kan stå 
 i kjøleskap i opp til 2 døgn etter at det er kokt. Veldig greit
for då kan ein koke graut til fleire måltid.
Varma opp graut i kveld og. Spedde ut med 
morsmelkerstatning og Sofie åt det.
Er fyste dagen ho har ete so mykje graut.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar