Sider

mandag 5. desember 2011

Juleverkstad

 I går kom Hanne og Elen
hit for vi skulle lage julekaker.
Hanne hadde eit ønske og
det var risbollar. Forståeleg
for det er jo godt.
 Risbollane står til avkjøling
ute på terassen.
 Elen begynte å lage til
sjakkrutedeig. Eg hadde
laga julemann og serinakake
deig før dei kom.
So det sto klart i kjøleskapet.
Elen fortsatte på sjakkrutene.
Trengde litt forklaring.

 Blei mange sjakkruter.
NamNam
 Eg og Hanne begynte på
serinakakene. Eg rolla ut og skar
opp mens Hanne rolla kulene og
trykte dei ned med gaffel.

 So begynte vi på julemannane.
Kvar sin gang å trykke ut
figurar :)
 Hanne prøvesmakar.
Det ser godt ut!
 Etter all bakinga bestilte
vi oss pizza og slengde oss
ned i sofaen. Der vart vi
sittande. So såg vi Jul i Blåfjell.
Og fann ut at det er 12 år sidan
det var spelt inn. Då følte vi oss
litt gamle. Det virkar ikkje som
det er 12 år sidan, men det er det
altso..







Har masse julekaker!!


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar