Sider

søndag 29. mai 2011

Punktert


Kjørde Ørjan til flyplassen for han skal på kurs i Tønsberg.

Kjørde ikkje direkte heim etter på og det angrar eg på no!

For eg klarde sjølvsagt å punktere! Hadde kjørt opp til Hesjaholten og snudde. Pang sa det, det var steinar langs vegen. Telefonen hadde eg lagt igjen heime.

Fekk låne meg telefon for å ringe til Ørjan. So var det å få skifta dekk. Å løsne reserve dekket var ein lite iq-test. Måtte lese i instruksjonsboka for eg skjønte med vist ikkje tegninga.

So var det å skru av boltane. Det var enklare sagt enn gjort. For det var ei sprekke i den "dingsen" som eg skal skru av boltane med.

Gjekk opp til den eine blokka for å ringe på å høyre om noken kanskje hadde eit hjulkryss eller noko anne som kunne kjelpe meg. Det kom ein eldre mann ut. Eg spurde han. Han måtte bort i garasja si for å hente. Eg gjekk diltande etter. Han kjørde ned til bilen. Det fungerte ikkje med hjulkrysset, kom ikkje til. Det kan hende eg kan hjelpe deg alikavell sa mannen. Han hadde nemeleg våre på Clas ohlson å kjøpt eit teleskophandtak. For det måtte han bruke når han skal skifte til vinterdekka sine.

Det fungetre so vi fekk på reserve dekket og eg kunne kjøre heim! Men no lyser det symbol i desjbordet. So må vel på verkstad med den...

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar