Sider

fredag 30. april 2010

Eksplodere

Var ei dame som var inn for to dagar sidan
og ville ha noko kunstig i ei potte som ho hadde.
Åse sa at ho måtte komme innom med potta
slik at vi såg korleis den ser ut.
Ho kom igjenn med potta. Det vart Anne Marit
som lagde dekorasjonen , sidan det var ho som
snakka med dama.
Potta var ganske vid og lav. Dama ville ha
noko som var litt høgt i midten og resten
laft. Anne Marit sa ikkje
noko på det. Ho såg ikkje før ho begynte
at det ikkje passa so ho droppa det høge
og lagde ein lav.
Dama kom innom før Anne Marit gjekk. Ho var ikkje
heilt fornøgd, fordi det ikkje var det høge ho ville ha
og ho ville ha meir av forskjellig glitter og blande ein
mange fargar. Ho flytta på noken roser. Eg og
Anne Marit forklarde ditta med høge og lave
blomster. Det virka som dama blei fornøgd.
Ho spurde om ho kunne hente den ein anna
dag for ho skulle på jobb.
I dag kom ho og skulle hente den.
Ho var vist ikkje fornøgde den var for flat,
ho ville ha nokon blomster som sto litt opp.
Eg forkladre atter ein gang kor
høge blomstrane måtte vere på
grunn av proposjonar. Men ho ville ikkje ha den
so høg. Eg vart meir og meir irritert.
Eg gjekk og fann noken roser av samme farge
so røska eg utav dei som sto i midten og stappa nedi
dei som hadde lenger stilk. Ho begynte å ta ut nokre andre
og slik at dei skulle komme litt lenger opp
Då låg dei berre oppå, ditta går ikkje då må eg
feste streng på. No såg eg berre på dekorasjonen
klarde ikkje sjå på kunden.
røska ut blomster for blomster.
strenga dei i fullfart og stappa dei nedi igjenn.
Ho vart fornøgde til slutt. Dekorasjonen hadde
akkurat same forma som før. Den var kanskje
2-3 cm. høgre.
Når dama gjekk, gjekk eg på bakrommet
der var Åse og Kjersti. "Hadde eg sagt noko
til del hadde du eksplodert trur eg." sa Åse.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar