Sider

lørdag 26. mars 2016

Påske pynting

Fikk pynta til Påske i år og, berre tok litt tid til å
få blogga om det. Kylling frå i fjor og kylling frå
året før som Sofie har laga i barnhagen. Veit ikkje
om ho har laga noko påskepynt i år. Fikk ikkje med
oss noko heim før påska.
 Lagde litt ny påskepynt heime. Malte på egg, dorull
og klipte ut egg i papir. Limte på fjør og glitter.
Så reven fikk selskap av dei nye påske kyllingane.
Og Sofie har hengt opp påskeegg på veggen sin.

 Bruke bordpynten som vi hadde i barnedåpen på
spisebordet. Plokka med oss nokre greiner når vi var
ute å gjekk tur, så vi fikk henge opp egga.
 Kristian fikk seg hekla mus, den passa fint i 
vindaugskarmen.
 Male, male, male :) Sofie maste om den malinga.
 Endeleg kom pappa heim frå jobb og broren sov.
Så vi fikk male litt. 


mandag 21. mars 2016

DM i blomsterdekorering


 Legge ut litt bilder frå distriktsmesterskapet i 
blomsterdekorering som eg deltok  i forge helg.


 Skulle nok ha øvd på buketten, men ikkje så enkelt
når ein går heime i permisjon med ein liten baby.
Men alltid lærerikt å vere med!
















mandag 7. mars 2016

Dekorasjon til Mamma

Mamma blei 50 år i går. Og eg fikk i oppdrag frå
bestefaren å lage til noko blomster frå han, Helge og
Hege. Sofie ville vere med på blomsterbutikken så
det fekk ho. Ho valte ut rosene og den gule 
krysanthemumen. 
 Mens eg lagde dekorasjonen vasa ho rundt i butikken.
Var mykje fint og spennande å ta og flytte på.
Så ho lagde nye utstillingar. Fann seg påskepynt. 
Så no har Sofie begynt å pynte til påske på 
rommet sitt.

torsdag 3. mars 2016

Dåps Invitasjonar

Gjorde det enkelt med invitasjonane.
Skreiv ut bilder av Kristian og
skreiv ut teksten på andre sida.
Litt kjappare enn å sitte å skrive
og teikne for hand.


 Slengte på noko stempel og
skrabla over noko blåfarege. 
Finito!

onsdag 2. mars 2016

Fødselsnummer

Har gått å venta på brev frå 
skatteetaten med fødselsnummeret 
til Kristian. Treng det for å bestille
kirka til dåpen! 
Så mandag tok eg å ringde til 
skatteetaten for å høyre kor det 
blei av. For no har det gått 5 veker 
sidan han vart fødd. Det skal ikkje
ta så mykje meir enn 2 veker sa ho som 
eg snakka med.
Så dei på Haukeland har gløymt
å melde om fødselen..! 
No fekk eg ho på skatteetaten til å
ordne opp i det. Ho ville at eg 
skulle ringe på KK for å gi beskjed.
Då vil det vel ta to veker til då sa eg.
Då har vi nesten komt til barnedåpen!! 
Så no får vi håpe at det dukka opp eit
brev i inn-boksen på Altinn. 
Så eg får bestille plass i kirka.