Sider

torsdag 29. mai 2014

Ut på tur

Etter frukost i dag gjekk eg og Sofie på Lyderhorn. 
Er så greit å gå der tidleg om morgonen for då er 
det god plass å parkere i skålevik. Når vi kjem ned
igjen er det nesten fult på parkeringsplassen.
Vi kom oss på toppen denne gangen og! 
Sofie sovna...

onsdag 28. mai 2014

Påfylling i kakeboksen

I går kveld tok eg å lagde fleire krydra banan havrekjeks. 
Dei er så gode, kjekt å ha om ein blir litt sopesjuk.
Hadde dei i den i den eine kakeboksen som eg
fekk til jul av Ole.
 Vi du og prøve å lagge desse? Oppskrifta finn du her

Ha ein nydeleg dag i det flotte veret. 
Anne Marie

tirsdag 27. mai 2014

Dagens middag

I dag lagde eg pasta salat til middag.
Med ruccola salat, isberg salat, tomat, smårett skinke, 
fetaost, rødløk, purre og squash. 
Lagde og heimelaga dressing til. 

Ønskeliste

Ønsker meg sandalar. Desse Ecco sandalane er ganske 
fine.

 Så treng eg nye fritids sko. For dei eg har no har blitt hol i.

 Og ei overlock symaskin vil eg veldig gjerne ha :)
Då hadde eg blitt gla. Ellers kunne eg jo berre
ha vunne masse pengar så kunne eg ha kjøpt alt
saman med ein gang. ;)
 
 Ein ny baby kunne vi og ha fått! Sofie er engi med meg
for ho vil ha noken å leike med. ;) 

fredag 23. mai 2014

Dekorasjon

Var så godt i gang med å lage store dekorasjonar på
jobb. Så tok og lagde ein for salg i butikken. 
Med Memory lane roser, Germini, Ornitogalum, 
Nellik, Brudeslør, Limonium, Poppel og Vanda orkide.
Denne får du kjøpt hjå Blomsterpaviljongen 
i morgon om dei ikkje solte den i kveld. :D


torsdag 22. mai 2014

Dekorasjonar

Har hatt nokre bestillingar på store dekorasjonar denne veka.
Den eine var ønske om at den skulle vere lav på grunn av
plassen den skulle stå på.
Eg valgte då å lage den på eit av dei sølvfata som vi har.
Så slik blei den.
http://www.blomsterpaviljongen.no/
 Så var det opning av eit mikrobryggeri.
Då blei det desse dekorasjonane. 




Slike dekorasjona og anna blomster binderi kan du bestille hjå

Anne Marie

fredag 16. mai 2014

Baby dekorasjon

Kom inn ei som hadde blitt bestemor. Ho hadde 
våre på leikebutikken og kjøpt bøtte med spade.
Ho ville ha ein dekorasjon i den. 
Og det oppdraget fikk eg :) 

 Ein liten detalj med bie. 

17 Mai bord

Då har eg pynta bordet til 17 Mai. 
Raude Germini, Iris og Brudeslør.
I morgon skal eg og Hanne sjå på toget i byen.
Mens Ørjan og Sofie slappar av heime :)
Så får vi ta oss ein tur opp på Vadmyra skule 
etterpå.

søndag 11. mai 2014

Konfirmasjonskort

I dag konfirmerte mitt søskenbarn Jarle Robert seg.
Då måtte eg jo lage eit kort. Leitte i albuma mine
og fann bilete frå dåpen hans. Så det blei eit personleg
kort.



lørdag 10. mai 2014

Sukkererter

Har sådd sukkererter og no trengde dei å fordelast litt
og noko å støtte seg til. Skar av eine langsida på 
2 mjølke kartongar og stakk hol i botnen for drenering.
Må nok ha eit par til for å få fordelt alle plantane.
 Sette opp nokre pinnar og surra tråd rundt slik at sukkerertene 
har noko å klatre i.

 Sofie teiknar. Kom ned og kika på det eg holt på med 
og. No held ho på å klatre opp og ned i vogna si.
Har holt på med dei ei stund.

fredag 9. mai 2014

Runddekorert krans og kondulanse bukett

Vi får ein del bestillingar på florogram på jobb.
Tidlegare denne veka fekk eg ein runddekorert krans.
Dei hadde valgte ein frå sorg menyen til Interflora
Den var det berre kvite Germini i, men på dei på
ordre bemerkningane sto det at den skulle gå i raudt, kvit
og blått. Slik blei den då.
 Denne buketten har vi fått fleire bestillingar på den siste 
tida. Det er også ein frå Interflora sin meny. Har laga 3 
eksemplar av den denne veka. Mandag hadde vi 
ikkje kvite Cymbidium. Så ringte kunden og spurde om 
det var greit å lage den med kvite Calla. 
May-lill gjorde det førre veka og det blei veldig fint. 

Håpe alle får ei fin helg :)

Anne Marie

søndag 4. mai 2014

Dekorasjon med flaske.

Kom inn ein kunde som skulle i forlovelses fest.
Ho vist ikkje kva ho skulle gi. Så hadde ho fått eit 
tips i frå mora si. Gå på vinmonopolet og kjøp noko
dei liker, gå så på blomsterbutikken for å få dekorert flaska.
Så det gjore ho. :) 
Og eg fekk lov til å lage.



fredag 2. mai 2014

Kjole

Har sydd kjole til Sofie. Med to små lommer på
og stropper. Sofie sto faktisk i ro når eg
prøvde på for å finne ut kor eg skulle sy 
knappe hull.